Sol om dagen og vampyr om natta
True Blood vart eg forresten totalt hekta på. Vi såg fem episoder på rad, likevel fekk eg ikkje nok.
Eg har alltid vore facinert av vampyrar og mytene rundt dei. Eg tykkjer HBO har vore flinke i si framstilling av vampyrane. Settingen er kreativ, unik og realistisk. På ein relativ måte, sjølvsagt. Men det som treff meg mest er karakterane som er veldig samansette og befriande mystiske. Det eg elskar med mange av HBO sine seriar er at dei sparar oss for enkle forklaringar og retusjerte bilete av personlegdommar. I seriar som Sopranos, Six Feet Under, Skins, Sex and the City og mykje meir møter vi karakterane som dei er, og som dei blir opplevd av verda. Dei er heile menneske, med gode og dårlege sider, med eigne tankar og kjensler, og mennesklege handlingar. Handlingar som kan vere gode utført av vonde menneske, eller omvendt. Alle kan gjere feil og alle kan gjere rett, uansett om du er mafia, vampyr eller berre ein enkel begravelsesagent. Og det som er deiligast av alt med desse seriane er at det er opp til oss, sjåarane å analysere og finne ut av desse menneska. Akkurat som det er i den verkelege verda.
Trur eg mista den raude tråden litt.. Det eg skulle fram til er at True Blood var og er ein utruleg underhaldnane serie, samstundes som den er utfordrande. Og ikkje minst mystisk. Og fengande. Og spennande. Og så ELSKAR eg introen.

I dag skein sola ute som den ikkje har gjort på fleire månader. Då var det min tur til å drage han ut. Ut og ta bilete. Desverre var vi litt for treige, og fekk ikkje med oss så mykje av sola. Men det fins alltid motiv. Og hvis ikkje bileta blir så bra som ein ynskjer, er det lov å fuske. Vertfall litt.





1. Kva er di yndlingsårstid?
2. Kva seriar ser du helst?





































































































































































































































































































